Leik med Håvamål

Her har 3MKA brukt kreativiteten sin, inspirert av levereglane som Odin ein gong kom med.

Skrive av klasse 3MKA.

Trykt i spalten "Stort og smått fra studiespesialisering" i Bygdeposten 19.10.17.


Når du tenner eit telys,

Hugs å slokke flammen

Før du flyg av garde.

Alle stearinlys, alle duftlys.

Så har du ein heim

Når du kjem tilbake.

 

Når nokon gir deg nyss

Om å nyse i olbogekroken,

Høyr ikkje halvhjarta etter.

For det er eit godt råd,

Og det er tenksamt å tru

At det vil tene deg.

Av Patrick, Mari og Sebastian

 

Verda vil ikkje vite

Dei drit i deg

Drit i dei du òg

Lev livet medan du lever

Av Ingvild, Heidrun og Anne Line

Ikkje kast bort

Brukt kraft

Vi bar ved i heile sumar

For å halde varmen

I heile vinter

Ikkje putt hovudet

På bålet

Av Lise, Ingvild og Seline

 

Kvite løgner

Er ikkje å ljuge

Kvite løgner

Er å jukse med sanninga

Det er naudsynt

For samfunnet

Kvite løgner hjelper

Svarte løgner skader

Av Heidrun og Anne Line

 

Det er betre å be om løyve enn å be om tilgiving.

Av Mari og Caroline

Hugs å blåse ut lysa slik at du har ein heim når du kjem tilbake. Det er eitt av råda som 3MKA kjem med i håvamålstrofene sine. Her er Sebastian Sporpind Christensen (f.v.), Heidrun Pålrud, Anne Line Ovnan Fjeldstad, Seline Johansen, Ingvild Bekkeseth, Mari Grøtterud Andersen, Patrick Jarzabek og Caroline Rygh Steenberg (liggjande).

Om du vil lese flere elevtekster som har vært publisert på bygdeposten,no, har vi samlet dem her.


Publisert 19. oktober 2017, oppdatert 26. oktober 2017.