Saman om samane

Noreg prøvde å utrydde samisk språk og kultur. I år feirar vi at det er 100 år sidan det første samiske landsmøtet, skriv Ingvild B. Fløtten.

Skrive av Ingvild Brekke Fløtten, 3STA

Trykt i spalten "Stort og smått fra studiespesialisering" i Bygdeposten 6.4.17.

Samane er urfolket i Noreg og har derfor ei spesiell rolle i det norske samfunnet. Fornorskingspolitikken som blei ført av staten på 1800-talet forsøkte på uetiske måtar å utrydde det samiske. Sjølv om staten på fleire måtar lykkast i arbeidet sitt, er det ingen tvil om at den samiske kulturen lever vidare og framleis har ei synleg stilling i landet vårt. Den unge generasjonen av samar kjempar nå for å bevare kulturen sin, og viser han stolt fram i heile landet. Kva verdi har dette for det norske kulturmangfaldet?

Samiske sangstrupar

Den samiske kulturen har vist eit imponerande høgt nivå også i ei moderne medietid. Både samisk musikk og film har til dømes hevda seg glimrande nasjonalt så vel som internasjonalt. På musikkfronten imponerte Agnete Johnsen og «The Black Sheeps» med seier i den nordiske finalen i Melodi Grand Prix junior 2008, medan «Samiid Ædnan» vann den norske Melodi Grand Prix-finalen allereie i 1980 med ein joikesang. Den folkekjære Mari Boine er kjend også internasjonalt og fekk Nordisk Råd sin musikkpris i 2003. Også i år har samane vist seg fram i norske medium. «Elin & The Woods» viste stolt fram kulturen sin med den samiske songen «First Step In Faith / Oadjebasvuhtii», som rett nok også inneheld litt engelsk, i den norske MGP-finalen i mars.

I kø for samisk film

«Samisk film er hetere enn noensinne», skreiv Dagsavisen nyleg. Den nye svenske filmen «Sameblod» har allereie vakt stor interesse internasjonalt før den norske premieren 10. mars. Samisk film har den siste tida servert folket mange store suksessar, som nordmenn har stått i kø for å sjå. «Veiviseren» i 1987 var den første samiskspråklege filmen nokon gong, og han opplyste det norske folk om at det fanst meir i det norske kulturlivet enn berre graut og a-ha – og dei likte det.

Vi har alle eit ansvar

Forholdet mellom den norske stat og samane har som sagt ikkje alltid vore fryd og gammen. Fornorskingspolitikken staten førte mot samane på 1800- og 1900-talet sørga for eit svært dårleg forhold, der samane blei utsett for undertrykking. Dei siste åra har likevel den norske staten, noko middelmåtig, prøvd å gjere opp for uretten dei utsette urfolket sitt for. I 1997 bad Kong Harald om  unnskyldning til det samiske folk. Men er det nok? Til tross for staten sitt økonomiske bidrag til for eksempel Sametinget og samisk kultur den siste tida, er det framleis mange samar som føler seg urettferdig behandla av statsmakta. Vi nordmenn bærer eit ansvar for ugjerningane til forfedrane våre, og vi må fortsetje å jobbe for å sikre eit godt forhold og samarbeid også i framtida.

Meir og meir stolte

Samane har budd i landet lenge før den norske staten blei oppretta. Ein kan derfor argumentere for at samane har ein større rett til å bu her enn vi nordmenn, og dei kan i stor grad seiast å vere ein enda betre representasjon av det «typisk norske». Stoltheita vi nordmenn føler når vi seier at det også er ein del av det norske – verker å vere i stadig vekst. Variasjonen og impulsane det samiske bidreg med i det norske kulturlivet har gjort oss til ein meir spennande og mangfaldig nasjon i heilskap, som vi stolt viser fram.

Det er tydelig at det samiske er noko nordmenn likar godt, og til og med er stolte av. Det er derfor klart at ein levande samisk kultur, også i framtida, vil fortsette å styrke det norske mangfaldet og gjere oss til ein enda betre kulturnasjon.

Ingvild Brekke Fløtten i 3STA har skrive om samisk kultur.


Publisert 6. april 2017, oppdatert 6. april 2017.